Snøkaos førte til forseinka tog

Få tog i rute.

På veg mot Finse stasjon. Illustrasjonsfoto
Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Dei store snømengdene i fjellet og på Austlandet måndag og tysdag førte til konsekvensar også for togtrafikken her vest. NSB opplyste om at berre eitt av fire tog mellom Bergen og Myrdal er i rute tysdag ettermiddag. Også regiontoga frå Oslo var forseinka.

- Det er ikkje snakk om veldig store forseinkingar, men det er mange av dei, sa pressevakt i NSB, Håkon Myhre.

Publisert: