Nye bussprisar frå 1. februar
Billigare å ta bussen for mange.
- Sjå prisane nedst i saka
Frå og med 1. februar er det nye prisar som gjeld på buss og bane, etter at fylkestinget for ei stund tilbake vedtok dei nye takstane.
Vanlegvis tenker ein at nye prisar betyr prisauke, men denne gongen er det fleire som kan glede seg over at det kjem til å kosta mindre.
Av positive endringar kan ein blant anna lese at prisane på periodebillettar for vaksen, honnør og student går litt ned. Det blir også gratis for barn til og med 5 år (tidlegare 3 år), medan barnebillett no gjeld til og med 17 år (tidlegare 15 år), melder Skyss.
Prisen på enkeltbillett (kjøpt på førehand) går opp frå 37 til 38 kroner. Kjøper du om bord vil det framleis kosta 60 kroner. For barn er det høvesvis 19 og 30 kroner som gjeld.
For nokre dagar sidan blei det også kjent at fylkesrådmannen vil ha same pris på toget som bussen mellom Arna og Bergen. Det blir sett av ti millionar kroner til dette.
Les også
Billettypar | Pris 2018 | Pris 2019 |
Enkeltbillett vaksen/student (kjøpt på førehand) | 37 | 38 |
Enkeltbillett barn/honnør (kjøpt på førehand) | 19 | 19 |
Enkeltbillett vaksen/student (kjøpt om bord) | 60 | 60 |
Enkeltbillett barn/honnør (kjøpt om bord) | 30 | 30 |
7-dagarsbillett vaksen | 255 | 245 |
7-dagarsbillett barn | 115 | 115 |
7-dagarsbillett honnør | 130 | 125 |
7-dagarsbillett student | 155 | 145 |
30-dagarsbillett vaksen | 810 | 780 |
30-dagarsbillett barn | 365 | 365 |
30-dagarsbillett honnør | 405 | 390 |
30-dagarsbillett student | 485 | 460 |
30-dagars ungdomsbillett | 365 | 365 |
180-dagarsbillett vaksen | 4050 | 3900 |
180-dagarsbillett barn | 1835 | 1835 |
180-dagarsbillett honnør | 2025 | 1950 |
180-dagarsbillett student | 2430 | 2340 |
24-timarsbillett vaksen | 95 | 100 |
24-timarsbillett barn/honnør | 50 | 50 |