Like før klokka 1300 tysdag rykka brannvesenet og politiet ut etter melding om grasbrann i Bullavegen ved Valestrand på Osterøy.

Det brant like ved bygg i nærleiken av Bullahuset, men desse skal ikkje ha vore truga av brannen, får ifølgje 110-sentralen i Hordaland.

Mannskap frå Osterøy brann-redning fekk, saman med grunneigarar, naboar og andre, raskt kontroll over situasjonen og det gjekk ikkje lang tid før brannen var sløkt.

Ved 110-sentralen får Bygdanytt opplyst at brannmannskapa blei på staden fram til om lag klokka 15.00 for å driva ettersløkking og dynka terrenget med vatn.

Utrykningsleiar Jan Kenneth Rønnestad i Osterøy brann-redning opplyser at ein bør unngå bråtebrenning når det er tørt terreng og vind, slik det var i dette høvet.

Eit område på om lag 150x100 meter blei svidd av i brannen.

Politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor stadfestar at politiet har oppretta ei sak på hendinga.

– Politiet har vore i kontakt med han som stod for bråtebrannen. Hendinga vil bli etterforska, seier han til Bygdanytt onsdag morgon.

Eit større område er svidd av, like ved fleire bygg. Foto: Brynjar Vevatne