«Barn som treng hjelp frå barnevernet i Osterøy blir ikkje fanga opp», konkluderte Statsforvaltaren etter tilsynet med barnevernet på Osterøy tidlegare denne månaden.

Onsdag hadde kommunalsjef for oppvekst, undervisning og kultur, Olaf M. Hella ei orientering for politikarane i formannskapet om kva grep barnevernet tar etter rapporten frå Statsforvaltaren.

– Barnevernet har sidan sommaren 2021 jobba med å betre tenesta, fortel han.

Her kan du sjå heile orienteringa:

Fleire relaterte saker:

For høgt sjukefråvêr

Barnevernet har, ifølgje Hella, jobba med mellom anna å gå gjennom rutinar og ha fokus på nærvêr i staden for fråvêr.

Barnevernet hadde eit sjukefråvêr på rundt 15 prosent i 2021, noko kommunalsjefen meiner er for høgt. Også her vil dei gjere tiltak for å få ned dette talet.

– Sjukefråvêret er nok den viktigaste grunnen til at det blei konkludert med lovbrot, påpeikar Hella.

– Om alle tilsette er på jobb, så går det heilt fint, fortel han frå talarstolen.

I dag har barnevernet åtte årsverk og to innleigde konsulentar.

– Me søker etter fleire kvalifiserte personar, men som elles i landet, så slit me med rekruttering til barnevernet, medgjev han.

I tillegg er det blitt etablert nye team (eitt for undersøking og eitt for oppfølging). Antal møte med leiaren i Familiens hus har auka, samt at det er eit betre fokus på dokumentasjon.

– Dette er noko me verkeleg skal styrke, fortel kommunalsjefen.

Onsdag samla politikarane seg i heradsstyresalen i Lonevåg. Foto: Anders Totland

– Alle har ei plikt

Vidare understrekar Hella at barnevernet har fått ein ny leiar, som saman med Vaksdal skal syte for gode tenester til dei mest sårbare gruppene.

Men Hella ønskjer òg å kome med ei krystallklar melding til dei folkevalde:

– Det er viktig å meddele at me alle i samfunnet har ei plikt til å drive førebygging av barn og unge. Me treng heile samfunnet til å jobbe med barna våre. Me treng òg våre folkevalde med oss for å bygge opp tilliten til barnevernet.

– Kva legg du i førebygging av barn og unge?

– At me alle bryr oss om kvarandre, at me ser alle. Dette handlar om tidleg innsats for å sikre gode oppvekstvilkår for alle.

Rita Tveiten (Ap) kan skrive under på Hella si oppmoding om at det er alle sitt ansvar å bidra til betre oppvekstvilkår for dei mest sårbare gruppene i samfunnet vårt. Foto: Anders Totland

Rita Tveiten (Ap) tok ordet og takka for ei god orientering. Ho kunne ikkje ha vore meir einig, og føyer til:

– Som medmenneske må me vere på ballen. Me må bry oss om alle. Me må sjå alle.

Samtlege i formannskapet nikkar anerkjenande.

Tveiten peikar òg på auka trivsel i ei bygd, samt at fleire bryr seg om kvarandre bidrar til eit varmare og betre samfunn for alle.