Osterøy Arbeidarparti og Osterøy AUF heldt ei verdig minnestund for alle dei som mista livet i terroråtaka 22. juli 2011. – Ei flott stund, seier foreldra til Tarald Kuven Mjelde, som mista livet i angrepet for ni år sidan. Foto: Anders Totland

– Kvar einaste dag kjenner me på sorga

Ni år etter det verste terrorangrepet sidan andre verdskrig, er det framleis djupe sår som ikkje forsvinn. – Eg vil takke AUF og Osterøy Ap for ei flott minnestund foran bautaen, seier Anne Mjelde.