Gode nyheiter frå meteorologen
Kvikksølvet i termometeret kan nesten krype opp til 20-talet - om vi er heldige.
Trass i at vi har kome til november, er det venta ein særs varm dag denne veka.
– Tysdag blir ein ganske fin dag med omlag 10-12 grader på makstemperatur, fortel vakthavande meteorolog Steinar Skare i Meteorologisk institutt.
Her er lesarane sine flotte bilete
Det er fare for noko nedbør, men det blir i så fall små mengder.
Varm dag
Onsdag blir det endå betre vêr, og skal vi tru meteorologen skal det bli nærast sommarlege temperaturar.
– Ja, onsdag blir det fint vêr. Periodar med sol og høge temperaturar. Det er venta 14-18 grader denne dagen, men om vinden frå austleg kant slår ned på Vestlandet, så kan vi få veldig høge temperaturar, fortel han.
Ifølgje meteorologen kan fønvind resultere i at det lokalt kan bli 20 grader på Vestlandet denne onsdagen.
– Men vi er jo i november?
– Ja, men det er ikkje så unormalt dette eigentleg. Vi har fleire gongar hatt høge temperaturar i november, seier Skare.
Våt helg
Torsdag kjem det inn ein svak nedbørsfront og det er på tide å finne fram igjen paraplyen og ei tjukkare jakke. Då er det venta 10 varmegrader.
Så er det betring på fredagen.
– Då blir det ganske bra, med opphaldsvêr stort sett heile dagen.
Samla inn fem millionar i aksjekapital: - Julaftan!
Foreløpig ser det ut til at både laurdag og søndag vil bli våte, men det er framleis usikre prognosar.
– Det er ei stund til helga enno, men foreløpig ser det ikkje ut til at det er snakk om store nedbørsmengder, avsluttar meteorologen.