– La oss byrja med dei gode nyheitene, seier meteorolog Haldis Berge i Meteorologisk institutt.

– I ettermiddag og kveld blir det nok fint vêr med gode temperaturar. Det kan bli opp mot 18-19 grader og sol, fortel ho.

Men når torsdagen er over og fredagen er i gang, er tida med strålande solskin over for ei periode.

– Ja, fredag blir det opphaldsvêr på starten av dagen, og så kjem skyene og noko nedbør på ettermiddagen. Slik har du det gåande til og med laurdag ettermiddag eller kveld, fortel ho.

Slik prognosane er no, ligg det an til å bli ei lita periode med opplett laurdag kveld. På søndag kjem ei ny runde med nedbør.

– Det ser ut til at ein får nedbør i første halvdel av neste veke, i alle fall. Det blir ein fuktig vêrtype framover. Det blir kjøligare også, mellom 7 og 9 grader, fortel Berge til Bygdanytt.

Ho legg til at det ikkje er snakk om store nedbørsmengde, men vått, det blir det.

Med dei ferske prognosane for vêret dei neste dagane, har meteorologen eit klart råd til innbyggjarane i Arna og på Osterøy:

– Ein må utnytte dagen i dag, for dette er definitivt den beste dagen på ei stund.