Dei ferske langtidsprognosane til Meteorologisk institutt viser stort sett berre sol. Det ligg an til å bli ein uvanleg varm mai, ifølgje vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.

– Det har vore ein usedvanleg fin mai. Dette er ikkje normalt, og folk kan nok ikkje forvente å oppleve ein slik mai igjen før om mange tiår. Vi må tilbake att til 1947 for å sjå noko likande, fortel han.

Kan bli over 30 grader

Søndag var det over 30 grader fleire stader i Hordaland. Og det kan bli fleire slike dagar før vi rekk å kome til juni, viser dei ferske prognosane til Meteorologisk institutt.

– Ja, både onsdag og torsdag kan det bli over 30 grader, så det kan framleis bli fleire varmerekordar denne månaden.

Har du fått med deg desse sakene?

Stikkordet for denne veka er altså fint vêr, solskin og ein gradestokk som visar over 20 grader, med unntak av onsdag og torsdag der vi kan kome over 30 grader.

– No blir det flotte dagar. Helga ser litt kjøligare ut, men det er framleis opp i 20-grader, seier meteorologen og kjem med endå ei gladnyheit:

– Vi ser ingen ende på finvêret foreløpig. Det blir kanskje litt kaldare, men det er framleis tørt og sol.

– Kor langt fram i tid gjeld desse prognosane?

– Til starten av juni, rundt 5. og 6. juni, seier han og oppmodar folk om å nyte den tidlege sommaren.

– Det kan vere sommaren vi får, så det er berre å nyte sola. Når fellesferien startar kjem jo ofte styggevêret, ler han.

Framleis stor skogbrannfare

På grunn av det varme vêret har brannsjefen innført totalforbod mot å gjere opp eld utandørs både på Osterøy og i Bergen. Varselet gjeld så lenge det tørre og fine vêret held fram.

– Blir det noko regn dei neste dagane?

– Det er uttrygt for ettermiddagsbye i dag, men det er ikkje snakk om mykje og dei er veldig lokale. Det kan også kome onsdag, torsdag og fredag, men det er veldig små mengde. Det er ikkje nok til å fjerne farevarselet om skogbrann, seier Fagerlid.

  • PS: Del gjerne dine sommarbilete. Merk bileta dine med #Bygdanytt Instagram eller send dei til bn@bygdanytt.no. Eit utval av bileta kan bli publisert på nett og i vår papiravis.