Manglar du lesestoff til helga? Vi har gått i arkivet vårt og funne fem gode saker som du kan nyte i helga.

Har du tips til gode historier som Bygdanytt burde fortelje? Send oss gjerne ein e-post til tips@bygdanytt.no.

PS: Har du fått med deg at du kvar einaste dag får nye kryssord og nye sudoku på bygdanytt.no?

Du finn dei her!

Det er ikkje lett å sjå, men Ulrik (6) har eit svært sjeldan syndrom

Det gjekk mange år etter at Ulrik var født at foreldra fekk slått fast kvifor sonen var så mykje sjuk.

Det viste seg at han hadde eit syndrom nesten ingen i landet har.

Saka blei publisert i Bygdanytt februar 2019. Du kan lese ho her.

Foto: Ronny Bertelsen

Historisk pride-feiring på Osterøy

Det blei ikkje noka pride-markering i år. I fjor var det derimot euforisk kjensle då Pride blei arrangert for aller første gong på Osterøy.

Saka, med stor bildeserie, kan du sjå her.

Foto: Kaspar Knudsen

Frå omstreifande villmann til vikingkrigar

Christian Thomas Westblikk vaks opp under vanskelege kår på Osterøy, men har med ekte vikingblod styrt livet sitt i riktig retning.

Saka blei publisert januar 2019, og du kan lese ho her.

Foto: Anders Totland

Med bensin i blodet

Bilcrossmiljøet i Arna og på Osterøy lever i beste velgåande. – Bil er heile livet mitt, fortel arnabuen Marius Havre (22).

Saka, som blei publisert i Bygdanytt i oktober 2018, kan du lese her.

Foto: Anders Totland

MMA-råtassen på Raknes

21 år gamle Ole Jacob Hetleflåt oppdaga MMA-buret for litt over fem år sidan. Han er fast bestemt på kva han vil i livet.

Bygdanytt publiserte saka november 2018. Du finn saka, med bildeserie frå Arna Classic, her.

Foto: Anders Totland