I kartet over kan du sjå trafikkbildet i Arna og på Osterøy. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

For mange startar vinterferien fredag etter jobb. Men sjølv om det er venta meir trafikk enn normalt, trur ikkje trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Vest, John Andreas Omdal, det vert eit problem.

– Me ser at trafikken spreir seg over torsdag, fredag og laurdag. Så det er helst ved heimkomst at presset blir størst. Ei vanleg, nydeleg helg i januar, der alle må ut på fredag, er eit større problem enn trafikken no, seier Omdal.

Like før klokka 18 fredag kveld. Foto: Statens vegvesen

Som vanleg er det viktig å bruka kjørevett og kjøra etter forholda.

– Vinterferieutfarten betyr fleire bilar på vegen, og det kan vera fare for vanskelege og skiftande forhold både i låglandet og på fjellet. I kombinasjon med fullpakka bilar, er det ekstra viktig å kjøra etter forholda, seier fungerande kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk, Christoffer Solstad Steen til NTB.

Sjølv om det er mildvêr i vente over store delar av landet, er det all grunn til å vera førebudd på det uforutsette for dei som skal til fjells.

– Kjøring i norske vinterfjell er faktisk ikkje nokon spøk! Du må alltid vera forberedt på uvêr, motorstopp eller andre uhell sjølv når vêrmeldinga er god. Difor er varme klede, hurtigkjetting, refleksvest og varseltrekant viktig, seier Solstad Steen i Trygg Trafikk.

Har du tips frå trafikken? Kontakt oss på  tips@bygdanytt.no. eller på våre Facebooksider.