Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld

Denne trioen frå Lerøy sørga for smaksprøver til alle som ville ha. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Mykje spanande og fint i buene på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Taekwondo-oppvising på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Bygdanytt var på plass med eiga bu på Bruvikdagen 2016. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Bruvikdagen 2016.

Rammene kring Bruvikdagen 2016 kunne vel knapt vore betre.

Aldri før har så mange delteke med buer og utstillingar. Det var godt med folk. Og dei litt kranglevorne vêrgudane viste seg frå si beste bygdedag-side.

Veret var varmt, men ikkje for varmt. Sola skein, men ho kokte ingen.

Attmed butikken var det kafé med frukt, bollar, kaker, kaffi og suppe. Like utanfor var det buer, og det var det òg hundre meter lenger inne på fylkesvegen.

Nokre tok turen med helikopter frå Fonnafly, og fekk sjå heile Bruvik og halve Osterøy frå lufta. Helikopteret gjekk i skytteltrafikk heile ettermiddagen.

— Det har vorte en tradisjon å ha denne dagen kvart år, omtrent på same tida av året, seier arrangør Kenneth Hauge til Bygdanytt.

Det er ungdomslaget og idrettslaget som står bak Bruvikdagen.

— Vi starta å jobbe med arrangementet i mars. I dag er vi veldig glade for at vêret er så bra, smiler Hauge.

*** SJÅ VIDEO** : Intervju med Kenneth Hauge på Bruvikdagen 2016

Sjå bilete frå Bruvikdagen 2016 i toppen av denne sida.