Torsdag kl. 14.35 melder Vegrafikksentralen om at Borgatunnelen på Osterøy er stengt på grunn av ei trafikkulukke.

Operasjonsleiar i politiet seier til Bygdanytt at det er ei singelulykke, og det var ein person i bilen.

I autovernet

Bilen køyrte i autovernet og føraren er ute av bilen, opplyser politiet.

Ulukka skal ha skjedd på austsida av tunnelen, og ingen skal ha kome alvorleg til skade, melder brannvesenet.

Siste: Kl. 14.54 melder Vegtrafikksentralen om at tunnelen er open igjen.