No startar påsketrafikken - følg den direkte her

Det er venta stor trafikk i påska. Statens vegvesen og Trygg trafikk kjem med dei beste råda sine til dei som skal ut på vegane.

  • Kristina Bøland
Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Følg trafikken direkte i kartet øvst i saka. Der kan du sjå trafikkbildet i Arna og på Osterøy. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

På alle hovudvegar, spesielt E39 og E16, er det venta stor trafikk ut frå Bergen fredag før palmesøndag.

– Det byrjar gjerne med kø på E39 nordover, og utover dagen på E16 mot Trengereid, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.

Ser du noko i trafikken som Bygdanytt burde omtale? Tips oss på tips@bygdanytt.no.

Les også

Fredag vil mange bulke bilen

På heimreisedagane 1. påskedag og 2. påskedag er det også venta tett trafikk og saktegåande kø på E39 og E16.

– Når mange er ute på vegane kan det fort komma enkelthendingar som punktering eller motorstopp som snur ting litt på hovudet. Det vil gi endå meir kø, men slik veit vi jo aldri på førehand, seier Sleire.

– Sparer ingen tid på vågale val

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen kjem med klare oppfordringar til dei som skal ut på vegane i påska.

– Seink farta, følg køen og dropp farlege forbikøyringar. Du sparer nesten inga tid på vågale val, men utset deg og andre for fare.

Les også

Gladnyheit frå meteorologen - men det er ein ting du bør vera obs på i påska

Han er overraska over at mange har det travelt i påsketrafikken.

– Det er betre å komme fram litt seinare enn ikkje i det heile tatt. Mange køyrer på vegar dei ikkje er vane med å køyre. Bruk den tida som trengst. Høg fart og unødvendige forbikøyringar skaper farlege situasjonar, og er gjengangarar i påskeulykkene, seier vegdirektøren.

Om lag 70 ulukker i påsketrafikken

Kvart år skjer det om lag 70 ulukker med personskade i påsketrafikken. I fjor mista ingen livet i påsketrafikken mot éin i 2017, tre i 2016, éin i 2015 og fire i 2014.

Gustavsen fortel at han har sine «beste kvinner og menn» på vakt denne påska. Trafikkoperatør Hanne Anette Norheim er ei av dei.

– Dei siste åra har vi sett at trafikken har forandra seg. I fjor var det fleire som reiste heim 1. påskedag, så folk må vere budde på kø begge dagane, seier ho.

Arbeidet med å rusta opp tunnelane i regionen tek ferie i påska. Arbeidet med Arnanipatunnelen på E16 stoppar opp laurdag 13. april klokka 05.30. Arbeidet byrjar igjen måndag 22. april klokka 22.00.

Publisert:
  1. Påske
  2. Trafikk

Mest lest akkurat nå

  1. Her jublar Anette over etterlengta beskjed: – Hæ? Tullar de?

  2. Steinnedfall mellom Skaftå og Bruvik

  3. – Ferjesambandet gir i dag eit heilt nødvendig kollektivtilbod

  4. Fylket opplever klagestorm om denne vegen – slik svarer dei

  5. Roger i tårer etter gladmelding: – Hadde eg hatt ei flaske champagne, så hadde eg spretta ho no

  6. Planen for Haus sentrum er klar. Dette er hovudpunkta