Januar har vore prega av mykje forskjellig vêr - alt frå milde, vindstille dagar, til ruskevêr og snøfall.

Fredag er det mykje som tydar på at me får ei endring i situasjonen.

– Natt til torsdag fekk ytre strøk ein god del snø, og slik blir vêrtypa også heile torsdagen. På fredag blir det litt mildare, og snøen går over til sludd, og litt regn, før det blir snø- og sluddbyer igjen.

– Mykje ymse, kan ein godt seie, fortel vakthavande meteorolog i vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

Ny kuldeperiode

Med mykje våt snø i vente, har vêrvarslinga ein oppmodning til alle oss som bur i Arna og Nordhordland, for ein ny vêrtype er venta til å bre seg over Vestlandet frå måndag av.

– Det er viktig at de brøyter, saltar og strør godt i desse dagar, for til veka blir det beinkaldt.

– Kva temperaturar snakkar me om da?

– I ytre strøk kan det bli heilt ned i 10 minusgradar. Enda kaldare jo lenger inn i landet du kjem.

– Kor lenge trur de at den vil vare?

– Ei god veke. Her er prognosane noko uklare.

Frå og med neste veke er det varsla ein ny kuldeperiode. Meteorologen oppmodar alle til å fjerne snø snøen, for den vil bli liggjande l Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Det er også varlsa ein god del vind frå fredag av.

– Berre sterk kuling, men me har ikkje sendt ut noko farevarsel, understreker Fagerlid.