Bystyret i Bergen har vedtatt at dagens Garnes ungdomsskole skal rivast og erstattast av eit nybygg. Etat for utbygging i Bergen kommune er byggherre og gjennomfører prosjektet for kommunen på oppdrag frå Byrådsavdeling for barnehage, idrett og skule.

For å informera om prosjektet og svara på spørsmål, inviterer kommunen alle interesserte til eit informasjonsmøte måndag 18. november. Her vil også heile planforslaget bli presentert, samt at det bli orientert om framdrifta.

Møtet er i gymsalen på ungdomsskulen og er ope for alle interesserte.

Blant dei som kjem er prosjektleiar Vetle Vindenes i Etat for utbygging, Kristian Johansen frå Rambøll Norge AS og Terje Grønmo frå Terje Grønmo Arkitekter AS.

Ute til ettersyn

Forslaget til reguleringsplan for Garnes ungdomsskule ligg no ute til offentleg ettersyn. I forslaget går det fram at dagens skulebygg og paviljong skal rivast for å gje plass til eit heilt nytt bygg med plass til 500 elevar, samt ei forsterka avdeling med plass til 20 elevar.

I planforslaget er det også tilhøyrande uteareal, og det blir lagt til rette for nye løysingar for haldeplass for skulebuss og gangvegar inn til skulen.

Det føreslåtte bygget blir både høgare og har større utstrekning enn dagens bygg, og vil påverke solforholda til nærmaste naboar i aust.