På slaget 12 kjem det til å ule frå varslingsanlegget. Innbyggjarane får då høyre signalet for «Viktig melding – lytt til radio».

Sivilforsvaret vil sende signalet i tre seriar med eit minutt opphald mellom kvar gong og om lag halvparten av befolkninga i Noreg skal kunne høyre signala.

På Sivilforsvaret si nettside, skriv dei at Justis- og beredskapsdepartementet har bestemt at Nødnett også skal bli brukt for å utløyse varslingsanlegga.

– Ved denne varslingsprøven vil cirka 60 prosent av alle varslingsanlegga bli styrt via Nødnett. Østfold, Vestfold, Troms, Vest- og Aust-Finnmark og delvis Oslo og Akershus sender framleis via FM-nettet, fortel direktør Cecilie Daae i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i ei pressemelding.

Sivilforsvaret testar varslingsanlegga kvart år i januar og i juni.

Dette betyr dei ulike signala:

Viktig melding – lytt på radio: Når tyfonane tuter i tre seriar med eit minutts opphald mellom seriane.

Fare for angrep – søk dekning: Når tyfonane varslar med korte støyt i cirka eit minutt.

Faren er over: Når sirenene tutar samanhengane i eit halvt minutt.

Kjelde: sikkerhverdag.no