Her ser du katten «Mia» som blei redda ut av mannskap frå Fotlandsvåg brannstasjon. Katten var medvitslaus då han blei funnen i ein vinterhage som er knytt til bustaden. Her får dyret varme og oksygen. Til slutt kvikna den firbeinte venen vår til. Foto: Osterøy brann og redning

Heroisk innsats av lokale brannmenn redda to liv i Hosanger

Det tok berre åtte minutt frå utrykkingsleiar Andreas Hella låg i senga i Fotlandsvåg til han redda ut ein eldre bebuar og katten «Mia». – All ære til alle som har stått på, seier familiefaren.