Hipp hurra for dette 17. mai-vêret

Årets 17. mai kan bli den varmaste på over 20 år i Arna og på Osterøy.

Her frå 17.mai-toget på Tysse i fjor.
Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

– Det ser jo veldig lovande ut må eg seia, det kan faktisk bli litt varmt med bunad, seier vakthavande meteorolog Siri Wiberg til Bygdanytt om nasjonaldagen.

Dei siste prognosane viser at gradestokken vil bikka 20 grader fleire stader. Langtidsvarsla frå Yr viser over 20 varmegrader for arnabuarar og ostringar. Dei spår heile 23 grader i Indre Arna og 24 i Lonevåg på festdagen.

– Det blir ein veldig fin, varm og sommarleg dag, slår Wiberg fast.

Ifølgje datosøk hos Yr er det 22 år sidan sist det blei målt over 20 grader på 17. mai i ved målestasjonen på Florida.

Auken i temperaturane kjem av eit høgtrykk som kjem inn over landet. Det vil bli liggande nord for Sør-Norge, men austavinden vil gi varm luft også sør. Det ser ut til at varmen vil halda fram inn i helga.

Publisert: