– Torsdag blir det grått og vått, seier meteorolog Mette Skjerdal i Meteorologisk institutt.

Slik blir helgevêret

Det er også beskrivinga for helgevêret, med unntak av ein dag.

– Ja, fredag blir det ein del regnbye og sørvestleg kuling på kysten. Regnbyene held fram på laurdag, men det går mot betring, fortel meteorologen.

Søndag ser foreløpig ut til å bli ein fin dag, utan regn og med moglegheiter for solskin.

– Så søndag ser ut som ein ganske grei dag.

– Er et fare for nattefrost i nær framtid?

– Natt til søndag kan det absolutt bli aktuelt. Då klarnar det opp og det blir kaldare. Om det framleis er vatn på bakken kan det også bli glatte vegar, fortel Skjerdal og oppmodar bilistar til å køyre forsiktig.

Regn i haustferien

I veke 41, altså frå førstkommande måndag, er det haustferie for skulane i Bergen.

Meteorologen kan ikkje love at vêret blir det beste i ferien.

– Nei, finvêret søndag varer ikkje lenge. Frå søndag kveld eller natt til måndag blir det nedbør, og så kjem ein ny front allereie på tysdag. Så starten av ferien blir prega av regn, seier Skjerdal og legg til at prognosane er framleis litt usikre.

Slik det ser ut no vil ferievêret veksle mellom regn og periodar med opphald.

– Men det blir ikkje lange periodar med sol, åtvarar meteorologen.