Åtvarar mot glatte vegar

– Køyr forsiktig, seier Vegtrafikksentralen.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Måndag morgon gjekk Vegtrafikksentralen ut og åtvara mot glatte vegar på Vestlandet.

Då klokka nærma seg 0800 var det heldigvis blitt betre på dei fleste vegar.

– No har det blitt plussgrader, så det har kanskje hjelpt på, men det kan framleis vere glatt på sidevegar og i distriktet, seier trafikkoperatør Morten Hansen.

Han ber bilistar vere oppmerksame og køyre etter forholda.

Publisert: