Søndag ettermiddag i 18-30-tida fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Ytre Arna, der ein bil skal ha køyrd i ein mur.

I bilen sat det to personar, ei kvinne og ein mann.

– Dei blei ikkje skada, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Politiet mistenker at sjåføren (20) køyrde i narkotikarus.

– Det er tatt førarkortbeslag og blodprøve av sjåføren, seier han.