I tida framover er det vedlikehaldsarbeid i tunnelar på E16 frå Ytre Arna til Trengereid.

Først ut er Sætretunnelen og Bjørkhaugtunnelen, der det er redusert framkommelegheit. Vedlikehaldsarbeidet i tunnelane skjer onsdag 25. april frå 22.00 til 05.30 (neste dag) og torsdag frå 23.00 til 02.00 (neste dag).

Bilistane må vente på ledebil, melder Statens vegvesen.

Deretter er det vedlikehaldsarbeid i Arnanipatunnelen, Songstadtunnelen 1, Songstadtunnelen 2, Risnestunnelen og Romslotunnelen.

I Arnanipatunnelen er det vedlikehaldsarbeid 27. april frå 00.30 til 03.30.

I Songstadtunnelen 1 og Songstadtunnelen 2 er det vedlikehaldsarbeid frå 03.00 til 05.30 27. april.

I Risnestunnelen og Romslotunnelen er det vedlikehaldsarbeid 27. april frå 02.00 til 05.00.

Ifølgje Statens vegvesen må ein vente på ledebil når arbeidet skjer.

I trafikk-kartet under kan du følgje trafikken direkte. Raudt betyr kø, medan grønt betyr at trafikken flyt fint.

Ser du noko på vegane som Bygdanytt bør omtale? Send oss gjerne ein mail på tips@bygdanytt.no eller send oss ei melding på Facebook-sida vår.