Etter fleire veker med strålande vêr i mai og starten på juni, blei det eit par veker med godt gammaldags haustvêr i Bergen.

No har bøndene fått sitt sårt tiltrengte dråper regn og det er klart for ein ny periode med strålande sol frå det som tidvis vil bli frå skyfri himmel.

Sankthans

Men, først skal vi gjennom ein fredag som ikkje blir så verst, før vi får ei helg som blir litt grå og trist.

For dei som lurer på vêret sankthansaften, så har statsmeteorolog Martin Granerød ved Vervarslinga på Vestlandet ikkje spesielt gode nyheiter.

– Nei, det er diverre fare for at det vil regna store deler av laurdagen. Det kjem rett nok ikkje så mykje regn, men det vil dryppa jamnt og trutt gjennom dagen og kvelden. Temperaturane vil ligga rundt 12–13 gradar laurdagskvelden, og det er stort sett rundt dette temperaturen vil ligga i helga, seier Granerød.

Over 20 gradar

– Men, så kjem sola for fullt tilbake?

– Ja, i neste veke kjem varmen tilbake, og mot midten og slutten av veka vil vi sjå temperaturar rundt og kanskje over 20 gradar. Det startar måndag med rundt 18–19 gradar, og så blir det gradvis varmare. Vi vil få lange periodar med sol og gradvis mindre og mindre skyar. Det ser verkeleg lovande ut, seier Granerød.

– Neste helg er litt langt fram, men kan du seia noko om korleis det blir også neste helg?

– Vi har prognosar fram til neste laurdag, og det er ikkje noko som tilseier at vêret skal endra seg. Men, det er så pass langt fram at prognosane er usikre, seier Granerød.