I den siste tida er det blitt stole ein rekke båtmotorar i Lindås, Radøy, Austrheim og Os. No åtvarar tenestestadleiar ved Osterøy lensmannskontor, Ole Kristoffer Tveiten, båteigarar på Osterøy.

– Det går som eit bomerangkast rundt Osterøy, så båteigarar på Osterøy bør vera på allerten, seier Tveiten.

Politiet mistenker at det er organiserte som står bak tjuveria. Det er snakk om fleire større motorar, den største på 300 hestekrefter vart tatt i Austrheim.

Tveiten kjem med fleire tips til ostringene om korleis dei kan verna seg mot tjuvane.

– Ting må vera på stell

Han oppfordrar først og fremst eigarane til å sjå til båtane sine oftare og sjå om noko er sakna.

– No er det fleire som melder, men så er tidsperioden frå dei sist såg til båten sin lang. Viss eigarane oppsøker båtane flittig, og er obs på tidspunktet dei er der, vil vi kunna avgrensa etterforskinga på eit grovt tjuveri og spara oss enormt med arbeid.

Tveiten håper båtlaga kan vurdera å setja opp ein bom, stenga av hamnene med nøkkel, eller bruke overvåkning og sensorstyrt belysning.

Han rår eigarar til å dokumentera båten.

– Viss det går galne, må ting vera på stell. Eit tips er då å ta gode bilde av båtane, kjenneteikn som gjer båten unik og bilde av ting inni båten.

Blir ein utsett for tjuveri, understrekar Tveiten at ein ikkje må røra åstaden etterpå.

– Då gjeld det å ringa politiet og halda hendene i lommane.