Eit brev datert 18. oktober frå Osterøy kommune skulle snu opp ned på livet til Astrid Kleiveland. Etter over 30 år i Haus, og nesten sju år i omsorgsbustaden i bygda, er det no snart slutt. Kommunen har sagt opp leigeavtalen og vil flytte 92-åringen til Osterøytunet, for så å innlosjere Astrid på Valestrand i februar 2020. – Eg er sjokkert. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Dette er rett og slett fælt, seier ei frustrert Kleiveland og ser utover Sørfjorden. Foto: Anders Totland

Etter eit heilt liv i heimbygda er det snart slutt: – Dei har tatt livsgnisten i frå oss

– Eg fekk sjokk. Det er grusomt, tordnar Jakob Mjelde (87).