Vegane er såpeglatte og det snør tett. Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Ove Amundesen ber folk om ta det med ro i trafikken.

– Det snør tett og er glatt. Når folk har behov for å kjøra frå A til B i slike forhold, må ein tilpasse farta og kjøra sikkert, seier Amundsen og henvis til Vegtrafikkloven.

I kartet over kan du sjå trafikken direkte. Grønt betyr at trafikken flyter fint, raudt betyr kø.

Trafikantane på E16 kan sin lov og kjørar forsiktig. Folk held avstand til bilen foran. I dårleg sikt er det viktig å tenka sikkerheit.

– Om du tenker tryggleik, let du bilen stå. Om du må ut - kjør forsiktig. Det er mykje betre å koma fram for seint enn å ikkje koma fram i det heile tatt.

Vegane blir brøyta, men den tette snøen gjer det vanskelig.