– Vi ønskjer å kome i kontakt med personar som kan ha vore vitne til sjølve ulukka, seier politiførstebetjent Vidar Almberg ved Bergen nord politistasjon.

Det var laurdag like etter klokka 15 at ein MC og ein personbil kolliderte på Hardangervegen, like ved innkøyringa til Spar på Lone.

MC-syklisten blei køyrt til Haukeland universitetssjukehus, fortel Almberg.

Ifølgje Almberg skal ikkje MC-sjåføren vere hardt skadd.

Førarkortet til bilføraren blei beslaglagt av politipatruljen på staden.

– Kvifor det?

– På grunn av tilhøve og hendinga, seier Almberg og legg til at det ikkje er mistanke om rus.

Sjåføren av bilen er ei kvinne i 50-åra, medan MC-syklisten er ein mann i 20-åra.