Det har storma kring barnevernet på Osterøy det siste halve året etter at tilsette i tenesta i sommar varsla om kritikkverdige forhold.

I august kunne Bygdanytt ikkje berre fortelja om varselet frå ein tilsett i barnevernet, men også at kommunen identifiserte kven varslaren var i eit ope møtereferat som kven som helst hadde tilgang til i postlista til kommunen.

Den tilsette peika både på det vedkomande meiner er alvorlege forhold, der tilsette blir utslitne og sluttar grunna dårleg arbeidsmiljø, men varslet handla også om at vedkomande meiner kommunen fleire gonger bryt lova i sjølve utføringa av dei kommunale tenestene innan barnevernet.

Varslingsutvalet konkluderte i sin rapport med at det er stor frustrasjon blant fleire tilsette, og høgt konfliktnivå mellom varslar og leiar.

«Utvalet vurderer at arbeidssituasjonen bør kartleggjast og forbetrast, men meiner dei ikkje kan konkludere med brot på arbeidsmiljølova. Utvalet meiner det bør følgjast opp av leiinga vidare», skreiv utvalet.

Arbeidstilsynet

Formannskapet har i tillegg vedtatt å senda den delen som handlar om arbeidsforholda for dei tilsette til Arbeidstilsynet.

Og no stadfester seksjonssjef Øystein Breirem Jacobsen hos Statsforvaltaren i Vestland sin seksjon for helse, sosial og barnevern at dei skal ha tilsyn med barnevernstenesta på Osterøy frå 15. til 17. februar neste år.

– Ei av rollene våre er å føra tilsyn med om kommunane følgjer lover og regler i utføringa av dei kommunale tenestene. Difor skal vi i februar til Osterøy for å føra tilsyn med barnevernstenesta, seier Jacobsen.

Kritikk i fjor

– Dei fleste av dei noverande og tidlegare tilsette har sendt varsel til Statsforvaltaren om det dei meiner er kritikkverdige forhold. Er det dette som er bakteppet for at de kjem på tilsyn?

– Det eg ønskjer å seia om dette er at avgjerda er tatt etter ei totalvurdering, seier Jacobsen.

Det er ikkje første gong barnevernet får kritikk av Statsforvaltaren. For vel eit år sidan konkluderte Statsforvaltaren i ei klagesak at barnevernet si behandling av bekymringsmeldinga ikkje var i samsvar med lovverket.

I tillegg var barnevernet si gjennomføring av undersøkinga i saka ikkje i samsvar med forsvarlegkravet og barnets beste, samt at barna heller ikkje hadde fått medverke i samsvar med lovkrav i eiga sak.

Intervju

– Fleire tilsette har slutta den siste tida. Vil dei få sjansen til å bli intervjua av Statsforvaltaren under tilsynet?

– Nei, det er dagens tilsette vi kjem til å gjennomføra intervju med som ein del av det vi skal sjå på. Vi kan føra tilsyn anten med enkeltsaker eller føra eit tematilsyn der vi vurderer alle sider ved utføringa av tenesta knytt til eit avgrensa tema. Dette er eit tematilsyn, seier Jacobsen.

Han påpeikar at ei viktig del del av oppgåva til Statsforvaltaren også er å gje råd og vegleiing til kommunane når dei avdekker lovbrot.

Rådmann Ingvild Kirsti Hjelmtveit strekar under at det er Statsforvaltaren sin rett og plikt til å gjennomføra tilsyn.

– Det er ikkje noko urovekkande i dette, seier Hjelmtveit.

Leiaren for barnevernet ønskjer ikkje å kommentera saka.