Else Margrethe Totland Aarland seier sjølv at ho har verdas beste jobb. Når nokon ikkje kan dukke opp til vaksinering, har ho oppgåve med å hente inn nye folk – slik at ikkje dosane endar i bosset. Alle foto: Anders Totland.

Vaksine-bodbringaren: – Som å dele ut diamantar

Torsdag 3. juni fekk 468 ostringar eit stikk i armen, noko som er ny rekord på éin dag. No rustar kommunen seg for sommarferie og fleire vaksinedosar.