Det er hektisk aktivitet i Familiens hus i Lonevåg om dagen. Her ser du tannlege Joachim Dahl få sin aller første dose av Astra Zeneca-vaksinen. Sjukepleiar Bjarte Aarland syter for at alt går bra føre seg. Alle foto: Anders Totland.

Vaksineringa i Osterøy kommune går for full styrke - slik blir vegen vidare

– Eg kan ikkje understreke godt nok at alle ostringar må registrere seg i vaksinekøen, om ein skal ha vaksine eller ikkje, oppmodar ordførar og beredskapsleiar Lars Fjeldstad.