I løpet av natta har det hagla med meldingar til Statens vegvesen om overvatn og småras i Hordaland.

På Osterøy har det kome fleire telefonar om ras på Bruvikvegen.

- Vi har tilkalla entreprenør og ventar på tilbakemelding om kor omfattande det er, seier trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy ved Vegtrafikksentralen.

Fleire ras

Han fortel at det er vanskeleg å vite kor mange ras det er snakk om før entreprenøren har undersøkt fylkesvegen frå Osterøybrua til Bruvik.

Politiet har ikkje fått meldingar om at personar eller køyrety er treft.

- Det eine skal vere ganske stort. Det blei snakka om 15 kubikk, opplyser han.

Foto: Vanessa Roldan

Det har òg kome meldingar om mykje vatn og stein i vegbanen på Gjerstad og Veseth på Osterøy, samt at det er redusert framkomelegheit på vegen mellom Lonevåg og Tysse grunna svært mykje vatn i vegbana. Her er entreprenør på veg, melder Vegtrafikksentralen.

Ekstremvarsel

Meteorologisk institutt sende tidleg laurdag ut ekstremvarsel for vesle julaftan.

Uvêret «Birk» har allereie gitt rekordmykje nedbør for desember i Bergen.

Gullfjellet har fått 102 millimeter på 12 timar frå fredag kveld til laurdag morgon, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Foto: Meteorologisk institutt

Det er venta mellom 100 og 150 millimeter nedbør lokalt i løpet av dei 24 timane frå fredag kveld til tidleg laurdag kveld, skriv NTB.

Saka oppdaterast.