Julevêret: - Me treng litt flaks

Ynskjer du snø og vinterlege forhold på julaftan? Då må prognosen til meteorologen slå litt feil.

Skal me tru meteorologen blir det tørt og fint vêr i våre område i jula. - Om det er snø du ynskjer, så må ein ha litt flaks.
Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Kva vêr ein kan vente seg på julaftan er det nok mange som er nysgjerrige på.

Me har tatt ein prat med statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet for å få svaret.

– Førebels ser det ut som dagane før jul, altså frå fredag til måndag, blir tørre. Det blir frålandsvind, og rundt null gradar.

Les også

Her kan du lese alt om høststormene

Les også

Slik blir vêret på julaftan

Ser ikkje vekk frå snø

– Ingen snø?

Ei lang nøling i telefonen, så kremtar Fagerlid.

– Vel, då må me ha litt flaks, for det er meldt ganske så tørt. På dagtid på julaftan er det ikkje meldt noko nedbør, men på kvelden kan ting skje. Så om ein er litt heldig, så vaknar me opp til ein kvit 1. juledag, fortel han.

Les også

Fotofrelste May-Britt knipsar seg gjennom fjellturen

Les også

Sjå dei flotte bileta til lesarane

Les også

Usedvanleg mildt vêr for årstida

Fjellfolket

– Mange reiser jo på fjellet. Korleis blir vêret for fjellgeitene?

– Mykje av den same vêrtypen. Tørt og fint - perfekte køyreforhold. Om plassen du skal til allereie har snø, vil den nok ikkje forsvinne.

Etter 2. juledag er prognosane meir usikre.

– Det blir milde dagar før nyttår med litt regn her og der, men ikkje mykje. Tørre og fine romjulsdagar, seier Fagerlid.

  • Knipsar du mykje i jula? Merk bileta dine med #Bygdanytt på Instagram. Du kan også sende dei på e-post til bn@bygdanytt.no.
Publisert: