Varslar sludd- og snøbyer
Med kaldare vêr i vente kan ein også truleg få kvit nedbør denne veka.
Måndag er prega av regn og vind, men snart kjem det både sludd og snø, fortel meteorologen.
– Ja, allereie i dag kryp snøgrensa frå 500–700 meter og ned til 400–600 meter, seier meteorolog Steinar Skare i Meteorologisk institutt.
Lesarane har delt sine flotte bilete
Kvit bakke
På kvelden vil vinden auka frå nordvest. Det vil bli periodevis sterk kuling i fjellet og liten kuling utsette stader i låglandet.
Tysdag er vinden noko svakare, med frisk bris i lågare strøk.
– Tysdag er det venta skya vêr med sludd- og snøbyer, så det blir såpass mykje kjøligare frå tysdag av at vi får kvit nedbør, fortel Skare til Bygdanytt.
Tysdag kveld vil det vere stort sett opphaldsvêr, men allereie onsdag føremiddag kjem nedbøren tilbake att.
– Då blir det ei ny runde med sludd og snø. Gradene ligg på rundt 0, fortel meteorologen.
Den tradisjonelle julemessa på Bruvik ga julestemning til ostringene
Kaldare
Frå onsdag kveld og fram til torsdag får vi truleg minusgrader. Så er det duka for ei ny runde med sludd- og snøbyer både torsdag ettermiddag og fredag.
– Korleis ser helga ut?
– Det er litt tidleg enno, men det ser ut til å bli ein kald vêrtype med lite nedbør, svarar meteorologen.