Framleis lov å grilla trass høgare skogbrannfare
Meteorologane har sendt ut eit gult farevarsel for skogbrannfaren i Bergen og omlandskommunane.
Både for Vestlandet og Austlandet er det no høgare skogbrannfare enn vanleg, men ikkje høg til at brannvesenet vil legga ned forbod mot bruk av open eld utandørs.
For bergensområdet ligg farenivået på gult, noko som tyder at det er fare for skogbrann.
Noko verre er det på Austlandet, der det er stor skogbrannfare. Varselet gjeld inntil det kjem tilstrekkeleg med nedbør.
I mai førte høge temperaturar og ingen nedbør i om lag seks veker til at det blei innført forbod mot all bruk av open eld utandørs, og det blei også forbode å grilla ved å bruka gass.
Vatningsforbod
På Osterøy blei det også i store deler av kommunen innført vatningsforbod, og kommunen oppmoda bøndene om å fylla opp gyllevognene sine med vatn dersom det skulle bli skogbrann.
Sjølv om ein har lov til å grilla, minnar brannvesenet om at det i perioden 15. april til 15. september generelt ikkje er lov til å gjera opp bål ute i naturen. Ein kan grilla på til dømes i parkområde eller i strandkanten, men all bålbrenning blir utført på eige ansvar, presiserer brannvesenet.