Osterøy kommune innførte fredag i førre veke vatningsforbod og vatnsparing på Bruvik. Det var allereie innført på Hamre og Gjerstad.

– Vi følgjer med på værmeldingene og vurderer fortlaupande andre vassverk. Det gjeld først og fremst dei som er tilkopla Askelandsvatnet, altså områda Haus, Lonevåg og Valestrand, seier sektorleiar for miljø og teknikk, Roald Hovden, tysdag.

Kommunen har ikkje innført forbod for dei som er tilkopla Askelandsvatnet enno, men Hovden melder at tiltak vil koma denne veka, kanskje allereie onsdag morgon.

– Det skal meir enn nokre regnskyer til for at Askelandvatnet skal ha nok vann. Det er veldig sannsynleg at vi ber folk om å spara vatnet, som på Bruvik. Folk bør belage seg på at dei ikkje kan spraya eller gjera som dei vil med vatnet, seier Hovden.

Planlegg for at det kan bli langvarig

Vatningsforbodet på Bruvik blei innført fordi bekken kor vatnet blei henta frå hadde for lite vann.

– Det er vatn der enno, det skal ikkje mykje byger til for at det blir bra igjen, men blir det heilt krise, vil vi køyra vatn, seiar sektorleiaren.

I Askelandvatnet vurderer dei andre tekniske løysingar viss sommartørken held fram.

– Viss dette blir langvarig, er det ikkje bra, men kommunen planlegg for at det kan bli langvarig og vurderer tekniske løysingar som pumping slik at vi kan levera vatn.