Klokka 11.13 meldte 110-sentralen at ein mann sat fast i ei fjellside på Unnelandsvegen på veg opp mot Gullfjellet.

Då Bygdanytt var på staden like før klokka 12.00 hadde mannskap frå brannvesenet si klatregruppe kome fram og var på veg til fjellet. Det var ikkje mogeleg å sjå noko til mannen som sit fast i fjellsida.

Klatregruppa til brannvesenet la i veg til fjells på Unneland om lag klokka 12.00. Foto: Ronny Bertelsen

Brannvesenet tok turen med fem bilar, samt at også ein ambulanse var på staden.

Vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen opplyser til Bygdanytt at mannen ikkje er skada.

– Klokka 13.00 fekk vi melding om mannskapa våre var framme hos mannen, og fekk han til trygt område, seier Lund.