Fylkesmannen har ført tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Osterøy kommune. Rapporten, som blei publiserte fredag ettermiddag, peikar ut fire område der Fylkesmannen ikkje er nøgd med kommunen sitt arbeid.

Dette er:

  1. Osterøy kommune manglar ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse).

  2. Osterøy kommune kan ikkje dokumentere eit heilskapleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

  3. Osterøy kommune sin overordna beredskapsplan tek ikkje utgangspunkt i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse.

  4. Osterøy kommune kan ikkje dokumentere eit system for opplæring for alle som er tiltenkt ei rolle i kommunen si krisehandtering.

Treigt planarbeid

Osterøy hadde sist tilsyn i 2013, og også då fekk kommunen kritikk for manglande heilskapleg ROS-analyse.

- Kommunen har i liten grad følgd opp dette avviket, skriv Fylkesmannen i rapporten som blei publisert fredag ettermiddag.

Fylkesmannen er klar over at kommunen er i gang med å utarbeide ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse, men slår fast at analysen er ikkje ferdigstilt og er heller ikkje forankra i kommunestyret.

ROS-analysen er det viktigaste dokumentet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, og sidan denne ikkje er på plass fekk altså kommunen også andre avvika.

Neppe unngått Votlo-raset

Bygdanytt har spurt fylkesberedskapssjef Arve Meidell om raset på Votlo i desember kunne vore unngått dersom kommunen hadde prioritert risikoanalyserarbeidet høgare, men Meidell tvilar på det.

- Arbeidet med ein heilskapleg ROS-analyse er noko anna enn ein meir detaljert ROS-analyse etter plan og bygningslova, seier han.

Meidell opplyser om at det gjerne er i samanheng med reguleringsplanar at ein gjennomfører ROS-analyse på meir detaljert nivå, medan det overordna ROS-dokumentet ikkje nødvendigvis fangar opp lokal skredfare.