Nyleg blei det sett opp ein målar under brua på Evanger. Utstyret målar både vasstand, fart på vatnet, lufttemperatur og nedbør.

Målet er at å observere vassføringa i sanntid og publisere data på nettet kvar time.

– Målingane vil vere representative for eit nesten 5 kilometer langt felt og kjem difor til nytte i ulike samanhengar, påpeikar felthydrolog Leif Johnny Bogetveit i NVE i ei pressemelding.

Dersom vassføringa går over eit visst nivå eller stig raskt, vil Bane Nor få varsel og kan vurdere om tiltak må bli sett i verk.

– Me ser dette som nyttig i samband med hendingar langs Vossebanen og E16. Me håpar også at dei som planlegg den nye veg- og jernbanetraseen mellom Arna og Stanghelle vil ha nytte av informasjonen, seier senioringeniør Ole Erik Almenningen i Bane NOR.