Ragnar Tyssebotn og kona Astrid Mjøs Tyssebotn investerte om lag 240.000 kroner i eit nytt solcelleanlegg på einebustaden på Hjellvik. – Det er den beste investeringa me har gjort nokon gong, seier ein særs nøgd Tyssebotn framom huset. Alle foto: Anders Totland.

Ragnar tener store summar på straumkrisa

– Held dei høge prisane fram, vil me ha tent inn investeringa på to år, fortel Frp-veteranen Ragnar Tyssebotn.