I kartet over kan du sjå trafikkbildet. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

Påskehøgtida og -ferien er i gang for mange. For resten, utanom dei heltane som må jobba dei raude dagane, er gjerne onsdagen dagen ein kan ta nokre dagar påskefri.

Mange har reist

Det betyr blant anna meir trafikk på vegane, utan at ein ventar dei største problema, seier trafikkoperatør Katrina Kvåle hos vegtrafikksentralen (VTS).

– Me forventar ein del folk og litt trykk på ettermiddagen, men me ser at ein god del reiste før helga.

Sjølv har VTS bemanna greitt opp med folk onsdag. Men erfaringa tilseier at det er på heimfarten folk kan måtte smøra seg med tolmod.

– Me såg i fjor at utfarten spreidde seg, men så skal mange heim samtidig, seier Kvåle og peikar på veret som ein faktor som speler inn når folk vender snuten heimover.

Har du påsketips? Vi vil gjerne høyre frå deg! Bruk tips@bygdanytt.no, tlf 948 53 728 eller Facebook.

Slik såg det ut i Indre Arna klokka 14.25 onsdags ettermiddag. Foto: Statens Vegvesen

Fine, berre vegar

Alle dei største vegane og fjellovergangane er opne, så det skal litt til for at det skal bli problem. Du kan også bruke vegvesenet sine sider for å sjå ståa.

I vår direkte-feed vil vi sjølvsagt også oppdatere deg om noko skulle skje.

Og enten du er høgt i terrenget, i kyrkja, på kino eller heime på terrassen – bruk gjerne #bygdanytt når du publiserer i sosiale media.

Følg Bygdanytt på Instagram