Jublar over ny opplagsrekord for Bygdanytt

– Aldri før har opplaget vore så høgt, seier ansvarleg redaktør Eirik Langeland Fjeld.

Publisert:

Ansvarleg redaktør Eirik Langeland Fjeld har god grunn til å smila. Bygdanytt har nådd ei symbolsk grense i opplagstala. Foto: ODD MEHUS

  • Kristina Bøland
  • Kyrre Styve
Denne artikkelen er over ett år gammel

Rykande ferske opplagstal viser at Bygdanytt no har 5030 abonnentar. Det er 671 fleire enn året før og 1 010 fleire enn i 2016.

– Den gode trenden held fram. Aldri før har opplaget vore så høgt, seier ansvarleg redaktør Eirik Langeland Fjeld.

Rett nok er reknemåten lagt om fleire gongar dei siste åra, slik at tala frå 2017 og 2018 ikkje er direkte samanliknbare.

– At vi no har kryssa den symbolske grensa til 5000 og landa på 5030 i opplag, er skikkeleg gøy, jublar han.

Veksten frå 2017 til 2018 er på 15,4 prosent. Frå 2016 til 2018 er veksten på heile 25,1 prosent.

– Eg meiner journalistikken i Bygdanytt dei seinaste åra har vorte meir relevant for landet aust for Ulriken. Opplagstala tyder på at stadig fleire finn noko dei har lyst til å lese eller sjå under Bygdanytt-logoen, seier Fjeld.

Opplagstala blir presentert av Mediebedriftenes Landsforening (MBL og Landslaget for Lokalaviser (LLA).

– Heilt avhengige av dykk

– Eg vil nytte høvet til å takke alle lesarar, abonnentar og annonsørar - og alle som sender oss tips, bilete og debattinnlegg. Vi er heilt avhengige av dykk for å kunne gjere jobben vår og lage ei god avis, seier redaktøren.

Opplagstala er rekna ut frå ei fordelingsnøkkel med papiravis og nettavis. Lesartala er normalt to til tre gonger høgare enn opplagstala, då det ofte er fleire personar som nytter seg av eitt og same abonnement.

Bygdanytt høyrer innunder Schibsted-selskapet Lokalavisene AS. Der finn ein og tre andre aviser i området rundt Bergen. Også for dei andre har det vore ei bra utvikling:

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Denne sjukdomen bør ingen møta åleine

  2. 19 nye smittetilfeller og nytt dødsfall i Bergen siste døgn

  3. MC-tyveri fra trafikkskole og innbrudd på kirkekontoret

  4. Politiet skulle kontrollere bilister fra den ene retningen – så kom det en fra den andre ...

  5. – Vi er en giret gjeng

  6. – Det er trasige tider, men vi har klart å halde på samhaldet

  1. Bygdanytt
  2. Journalistikk