Om under eitt år skal etter planen kommune-Noreg starta prosessen med å slå seg saman med nabokommunane, medan regjeringa i mai 2016 kan starta å slå saman kommunar gjennom kongelege resolusjonar.

Fylkesmann Lars Sponheim var onsdag i heradsstyret på Osterøy for å informera om prosessen, konsekvensane og kva som finst av pisk og gulrot. For dei kommunane som gjev blaffen i å greia ut samanslåing, kan konsekvensen svi på pungen.

"Frivillig" — Dette er ein prosess som er frivillig, men ordet blir i hermeteikn. Reformtoget går no, og dei som ikkje blir med risikerer å mista inntekter. Ikkje minst kan det bli tøft for dei minste kommunane, fortalde Sponheim til den lydhøre forsamlinga.

Fylkesmannen la vidare ut om at det på toget vil vera både pengar og garantiar, og at dei kommunane som av ulike årsaker vil venta på neste tog ikkje kan rekna med like gode vilkår. Tanken er at før sommaren i 2017 skal Stortinget behandla både nye oppgåver i kommunane og ny kommunestruktur. Etter dette er det langt frå sikkert at det vil bli like gunstig å starta prosessen med å slå seg saman med nabokommunane.

Ei sentral problemstilling i dei fleste kommunane er kva som skjer med tilboda etter at ein har slått seg saman. Kva med skulestrukturen? Blir sjukeheimen lagt ned? Går alle millionane på sparekontoen inn i den nye storkommunen? Sponheim hadde svar på dette også.

Laga avtalar - Ein kan sjå for seg at rike kommunar vil vera skeptiske til å slå seg saman med fattige. Her kan kommunane laga ein avtale der ein kan ha klausular for dette og andre problemstillingar, inkludert skulestruktur, infrastruktur og mykje anna. Dei kan jamvel også bli samde om å oppretta kommunedelsutval, der dei gamle kommunane får politiske utval med ein viss grad av mynde i ein del saker, etter modell frå Oslo, forklarte Sponheim.

Osterøy kommune har tidlegare sagt at dei kan drøfta ei samanslåing med Vaksdal og Samnanger, men at Arna er ein heilt sentral del av ein ny storkommune. Sponheim understreka at han såg denne problemstillinga.

Einaste løysing Ordføraren har opplyst at byrådsleiaren i Bergen nektar å gje slepp på Arna, men til Bygdanytt seier Lars Sponheim at dei tre kommunane likevel kan ta Arna med i utgreiingane dei skal gjera.

— Men kan dette likevel bli noko av, dersom Bergen nektar?

— Dersom til dømes Osterøy, Vaksdal og Samnanger presenterer ei løysing, og berre éi løysing, for regjeringa, der Arna inngår som ein del av ein ny kommune, må regjeringa ta stilling til dette. Austevoll har til dømes varsla at einaste løysinga for dei er å gå inn i Bergen. Eg ser at Arna er ein viktig del av ein ny kommune med Osterøy, Vaksdal og Samnanger, men som fylkesmann er vi støttespelarar for kommunane i prosessen og meiner ikkje noko om dette, seier Sponheim.

Tar Arna med Ordførar Kari F. Aakre opplyser at formannskapa i dei tre kommunane skal møtast 30. oktober for å drøfta vegen vidare. Ho ser ikkje bort frå at konklusjonen vil bli at det må bli ei løysing med Arna, eller så blir det inga samanslåing.

— Utfallet kan sjølvsagt bli at vi køyrer løpet der vi tar Arna med, uansett om Bergen vil eller ikkje. Så får dei med mynde til å gjera det kopla av togvogna vi sit i, dersom dei ønskjer det. Men då skal ingen koma og seia at vi ikkje prøvde. Og blir vogna stoppa av andre enn oss, blir det heilt feil at vi skal straffast økonomisk for dette, seier Aakre.

— Er det ingen andre løysingar enn å ta med Arna?

— Osterøy kan sjølvsagt gå inn i Bergen, men her vil vi drukna. Dette er ei dårleg løysing som vi ikkje ønskjer. Bergen har også sagt at dei er store nok. Fylkesmannen opplyste at han vil ta opp problemstillinga med om storbyar skal avgje areal med departementet. Ei anna utfordring med Arna bli sjølvsagt bli at Arna-folket ikkje ønskjer å gå ut av Bergen og inn i ein ny kommune. Det er altså svært mykje som må avklarast, men vi er i gang, slår Aakre smilande fast.