Arnavågen kan bli redninga for kjendis-svana
Det er ikkje utenkeleg at Hamnesjefen, kjendis-svana frå Os, vil søkje asyl i Arnavågen.
BLIR AVLIVA: Os kommune har bestemt seg for at Hamnesjefen må bli avliva. Norges Miljøvernforbund jobbar på for at det ikkje skal skje. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Midtsiden
- Siv Berg Lutro
– Ja, det kan godt hende at Arnavågen er eit alternativ for Hamnesjefen. Fuglar trivst i ferskvatn og brakkvatn-område når dei er i saltvatn. Med Storelva kan Arnavågen vere rett miljø, seier Ruben Mjelde Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.
«Havnesjefen» bør flyttes til Arna
Dei siste sju åra har Noregs kanskje mest kjende svane vore fast inventar i Os hamn. No heng livet til kjendis-svana i ein tynn tråd.
Dømt til døden
Nyleg gjekk svana til angrep på ei jente som var i Mobergsvikjo saman med barnehagen for å bade, skriv Midtsiden. Ifølgje avisa drog Hamnesjefen jenta under vatn. Etter fleire varslar til Os kommune, bestemte kommunen seg for at Hamnesjefen må bøte med livet.
KJEMPAR: - Det er knapt nokon som har sett fingeren på at det faktisk ikkje er snakk om anna enn ein fugl på 10-13 kg som passar på ungane sine, seier Ruben Mjelde Oddekalv. Foto: PRIVAT
Mjelde Oddekalv og Norges Miljøvernforbund jobbar no hardt for å berge livet til den kjende svana.
Å søkje asyl i Arnavågen kan potensielt redde livet til kjendisen frå Os, som er ein knoppsvanehann.
Svanhild kan ha blitt utstøytt
– Om forholda ligg til rette, så trur eg det kan vere ein eigna stad for svane-familien, seier han og legg til at dette er noko som må undersøkjast vidare.
Kort varsel
Ifølgje Midtsiden gjeld fellingsløyvet frå 23.juli. Det betyr at det hastar for miljøvernforbundet.
Saka har skapt store reaksjonar. Vil Hamnesjefen overleve? I så tilfelle, er den nøydd til å flytte?
Kan den risikere å måtte bli sunnmøring?
– Ja, vi er blitt kontakta av folk i Ålesund som vil ha den opp dit. Så det burde ikkje bli eit problem å finne ein stad for svanefamilien å bu. Det står meir på viljen, fortel Mjelde Oddekalv.
Ida (21) reddet det nyfødte og forlatte ekornet. Nå er det bestevenn med hunden i huset.
Han påpeikar at det hastar å kome fram til ei løysing som vil redde Hamnesjefen. Skal familien flytte, må det skje medan ungane framleis er små.
NY NABO?: Dersom Hamnesjefen og familien flytter til Arnavågen, vil dei bo i samme strøket som Svanhild. Foto: Snorre Bang Utaker
– Når dei først er blitt flygedyktige, så risikerer vi at dei flyr tilbake til Os. Med små born som ikkje kan fly, så har dei ikkje den moglegheita. Då er det ein sjanse for at dei finn roa og slår seg ned.
Mange som bryr seg
Med all merksemda saka har fått, håpar Mjelde Oddekalv at Hamnesjefen får leve vidare.
– Ja, eg har eit lite håp. Det er veldig mange som bryr seg, seier han og legg til:
– Saka til no har vore prega av dramatikk, men det er knapt nokon som har sett fingeren på at det faktisk ikkje er snakk om anna enn ein fugl på 10-13 kg som passar på ungane sine. Ikkje ein tiger som et menneske frå ein landsby i India.
Flere artikler
- NYHEITER
Vinteren kan være tøff for de nye arnabuene
- NYHEITER
Muaz (1) blir tvinga vekk frå faren sin
- KULTUR
Ho har gjort stor suksess som skodespelar
- NYHEITER
Tenåringar tilstår herping av «Soria Moria»
- MAGASIN
– Ytre Arna er blant dei mest multikulturelle stadane i Bergen
- NYHEITER
– Eg saknar å sjå sjøen. Eg saknar å møte mine kjende og kjære. Eg saknar mitt Haus
Mest lest akkurat nå
I oktober annonserte kjøpmannen at han var lei bransjen – dette er ostringen sin nye jobb
2020 blei så bra at dei deler ut millionar til dei tilsette
To klassetrinn i karantene etter smittetilfeller
«Vi kommer ikke til å godta noe annet enn at barnas beste kommer først!»
«Hadde Arna, med sine drøye 14.000 innbyggere, ligget i Frankrike eller Spania, så hadde vannhullene stått i kø»
Skadeverk på bil, fyllarør og uforsiktig bålbrenning