Gode nyheiter frå meteorologen
Ligg an til å bli ei flott veke.
Måndag kan det kome ei bye eller to gjennom området, men frå og med ettermiddagen av vil det bli lettare skydekke.
Juletoget har blitt en populær tradisjon for mange
Så går vi inn i ei periode med mykje finvêr.
– Ja, det blir lange periodar med sol frå tysdag av. Det blir slik til og med fredag, fortel meteorolog Gunnar Livik i Meteorologisk institutt.
– Så dette blir ei skikkeleg fin veke?
– Ja, det ser ut til at den blir veldig bra, stadfestar han.
Kuldegrader
Med opphaldsvêr kjem det også kaldare dagar. Truleg vil gradestokken vise minusgrader fleire av dagane.
Då er det lurt å vere obs på morgon og kveld om du skal ut og køyre. Måndag morgon var det svært glatt fleire stader på Vestlandet.
Regn til helga
Finvêret vil dessverre ikkje bli med inn i helga. Når ein kjem til laurdag blir det meir skyar og høgare temperaturar.
– Laurdag og søndag vil det kome nedbør som regn på låglandet, seier han.