Første nyttårsdag blei over 4 000 husstandar utan straum i Hordaland, viser BKK sine nettsider.

På Osterøy har dei fleste kundane fått tilbake straumen innan tysdag formiddag, men enno er over 400 kundar i kommunen råka.

Det gjeld husstandar på Votlo, Hjellvik og Raknes.

– Det er kraftig vind som har forårsaka mykje straumbrot. Vi har alt av mannskap ute, men det er enno krevande tilhøve med sterk vind, og vi må ivareta tryggleiken òg, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Jarle Hodne.

Dei arbeider med feilretting, men fleire feil har gjort situasjonen vanskelegare på desse tre stadane som enno er strømløse.

- Fått store delar av straumen er tilbake, men på enkelte stadar er det fleire feil nsamstundes. Får du vekk eit tre kan det vera fleire tre under, seier Hodne.

BKK estimert at straumen vil vera tilbake på heile Osterøy igjen klokka 19.00 tysdag kveld.