Tove Olsen er ei av dei som har vore tilsett på fabrikken aller lengst. No fryktar ho for framtida etter at regjeringa vil innføre grunnrenteskatt. Alle foto: Anders Totland.

I 24 år har Tove jobba på fabrikken: – Eg har aldri vore så redd for jobben min nokon gong

Over halvparten av dei tilsette på Lerøy Fossen kan bli permitterte frå 1. januar 2023. – Det er uforståeleg og skremmande, seier hovudstillitsvald Tove Olsen.