Styremedlem i Osterøy Røde Kors og nybakt mamma, Laila Marlén Blix, er primus motor bak Telefonven-prosjektet til Røde Kors. – Det er mange som slit med einsemd i samfunnet vårt. Det vil me i hjelpekorpset gjere noko med, seier ho, medan vesle Ivan Emil (5 mnd.) glor ut av vindauget på Skistad. Foto: Anders Totland

Hjelpekorpset vil strekke ut ei hand til dei som treng det mest

– Det er veldig mange i samfunnet som slit med einsemd og isolasjon i desse dagar. Det vil me i Osterøy Røde Kors gjere noko med, fortel primus motor i Telefonven-prosjektet.