Nyleg kom utstyret til bomstasjonen ved Bratland camping på plass.

– Vi held på å montera utstyr i desse dagar og det er no under testing. Viss alt av utstyr blir godkjent forventar vi å starta innkreving frå 6. april, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Beate Eide Riisnæs til Bygdanytt.

I tillegg til dei gamle bomstasjonene, må sjåførar i Bergen betala i 15 nye stasjonar frå denne datoen.

Svein Andreas Isaksen frå Espeland står på Folkeaksjonen nei til mer bompenger sin kandidatliste for bystyret ved kommunevalet til hausten.

– Stemninga er ikkje særleg god her i området no, det er ein del som følar på at det blir ein litt annan kvardag, seier Isaksen.

Han trur at folk vil reagera sterkare etter innkrevinga har starta.

– Når dei må betala ekstra for ein liten tur på butikken eller for å køyra borna til fritidsaktivitetar, vil det nok bli fleire reaksjonar.