Det var 16. oktober i 2017 at ein buss og eit vogntog frontkolliderte på E16. Bussjåføren mista livet som følgje av ulukka, og fem av dei 18 passasjerane blei lettare skada.

Sjåføren av vogntoget kom frå ulukka utan fysiske skader.

Statens havarikommisjon for transport (SHT) starta ei gransking av ulukka, mellom anna for å dokumentere hendingsutviklinga og påvise moglege årsakssamanhengar.

No er rapporten klar.

Havarikommisjonen trur at sjåføren fekk eit illebefinnande, og at det var dette som var årsaka til ulukka, skriv BT.

I rapporten oppmodar Havarikommisjonen Arbeidstilsynet, saman med Statens arbeidsmiljøinstitutt å sette i gong ei samansett forskingsbasert utgreiing retta mot helsekrav, arbeidsrelatert helserisiko og individuell oppfølging av yrkessjåførar på veg, skriv BA.

Ifølgje avisa brukte under halvparten av busspassasjerane belte då ulukka skjedde.