Torsdag la regjeringa fram forslaget til statsbudsjett for neste år, og ein av vinnarane i forslaget er Samferdsledepartementet, som får ein auke på 4,1 mrd. kroner - eller 6,5 prosent - frå det salderte budsjettet i år.

Planleggast på nytt

For dei som bruker veg- og banenettet er det særleg nyheiter om milliardprosjektet dobbeltspor mellom Arna og Bergen som er mest spennande. Og her ligg det ei utfordring som kan føra til at prosjektet blir utsett.

Både utvidinga av godsterminalen i sentrum og eit nytt signalanlegg mellom Bergen og Fløen må planleggast på nytt, og prislappen på dette blir 105 millionar kroner.

Regjeringa skriv at dette er nødvendig grunna trongen for å avklara samanhengen med og rekkjefølgja av mellom anna moderniseringa av godsterminalen og bygginga av trasé for Bybanen i Bergen i same område. Regjeringa for øvrig sett av 300 millionar kroner til å bygga bybane til Fyllingsdalen.

Tanken er at ein med den midlertidige prosjektstansen vil unngå fleire ombygginger og vil redusera ulempene for togpassasjerar og gods i byggeperioden. Ein vil med andre ord unngå å måtta stenga Bergen stasjon i mange månader under ombygginga.

– Blir forseinka

Tidlegare statssekretær Tom-Christer Nilsen (H) i samferdsledepartementet, no stortingsrepresentant, medgjev at planlegginga av Bergen-Fløen og moderniseringa av Nygårdstangen vil føra til ei utsetting av dobbeltsporprosjektet.

Tom-Christer Nilsen (H) var statssekretær i samferdsledepartementet, medan han no er stortingsrepresentant. Foto: Ronny Bertelsen

– Vi får ei utsetting av samankoplinga av tunnelen og stasjonen, og det heng særleg saman med bygginga av Bybanen i same område. Dette er noko som må gjerast. På den positive sida slepp ein å stenga Bergen stasjon, seier Nilsen.

– Tyder det ei forseinking på mellom eitt og to år, eller kan dobbeltsporprosjektet bli ytterlegare forseinka?

– Prognosane for framdrifta er sikrare no, og forseinkinga skal ikkje bli meir enn to år, forsikrar Nilsen, som har fått plass i næringskomiteen.

Betre strømforsyning

Regjeringa set av 611 millionar kroner til vidareføring av prosjektet Arna-Fløen. Dette gjeld mellom anna det nye tunnelløpet gjennom Ulriken, ombygging av Arna stasjon og oppgradering av den eksisterande togtunnelen.

Den nye togtunnelen vil bli tatt i bruk i 2020, men bruken av begge tunnelane vil ikkje skje før dagens tunnel er oppgradert.

I tillegg til alt dette blir det sett av pengar til å bygga om mellom anna omformarstasjonen i Arna. Dette vil betra strømforsyninga på Bergensbanen og gje nok kapasitet til den planlagte togtrafikken i bergensområdet.

Vidare K5-planlegging

Mellom Bergen og Voss er det også sett av pengar til å bygga kryssingsspor på Bolstadøyri for å sikra kapasitet og driftsstabilitet for godstransporten på Bergensbanen. Dette skal stå klart i 2019.

Det er også sett av 59 millionar kroner til vidare planlegging av Vossebanen og E16 på strekninga Stanghelle - Arna. Summen skal dekka planleggingsutgiftene for veg og bane neste år.

Prosjektet er et samarbeid mellom Bane NOR og Statens vegvesen om å bygge sikrere og raskere vei og jernbane mellom Bergen og Voss.

Nye togsett

For dei som har venta på dei nye Flirt-togsetta, så er dei på veg til Vossebanen, som skal dela 14 av dei nye togsetta med Gjøvikbanen.

– I hovudsak kjem dei mellom Bergen og Voss, men eg vil tru at dei også kan bli sette inn lokalt mellom Arna og Bergen. Desse er betre og har større kapasitet enn dagens vogner, så vi håpar dei reisande får stor glede av desse, legg Tom-Christer Nilsen til.